Bål
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bål (norrønt bál) er ein haug av brennbart materiale, typisk ved, som er sett i eld. Ein kan tenna bål for ulike praktiske og symbolske føremål, som å gje lys og varme, tilreia mat, feira ei høgtid eller brenna noko.

Bålbrenning i Noreg
I Noreg er bålbrenning gjerne ein del av ritualet rundt midtsommarfesten, ei kristen høgtid til minne om døyparen Johannes som også har heidenske røter. Sankthans er 24. juni, medan sankthansaftan med bålbrenning blir feira 23. juni.
I tidsrommet 15. april–15. september er det forbode å gjera opp eld i eller nær skogmark utan løyve frå kommunen.[1] Kommunestyret sjølv kan fravika dette gjennom lokal forskrift dersom lokale forhold tilseier det.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads