Bøddel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bøddel er ein person som har som yrke eller oppgåve å setje i verk dødsdommar, det vil seie å avretta dei som er dømde til dødsstraff.[1] Ofte var det òg bøddelen som skulle pine dei som skulle avhøyrast under tortur, eller dei som skulle torturerast i samband med avrettinga. Sjølv i vår tid kan det vere utvalde personar som har som fast oppgåve eller yrke å stå for avretting i land som framleis nyttar dødsstraff.



Skarprettar (frå lågtysk) er ein bøddel som nyttar øks eller sverd som reiskap.[2] Skarprettar var den offisielle norske nemninga for den som avliva folk som vart dømde etter straffelova til å døy.
Nemninga bøddel vert òg nytta i daglegtalen om ein særs brutal person.
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads