Børre
mannsnamn From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Børre er eit mannsnamn, av norrønt Byrgir, ei sideform til Birgir (sjå Birger), som tyder 'hjelpar'. Andre former av namnet er Børge og Børje.
Børre har i Noreg namnedag 11. januar.
Etter ein bølgedal rundt førre hundreårsskifte hadde namnet jamn framgang fram til rundt 1970. Sidan har bruken av namnet gått kraftig attende.
- I folketeljinga frå 1801 var det 249 som hadde namnet, i forma Byrre, Børe, Børre, dei fleste budde aust og sør i landet, ingen i Nord-Noreg. I tillegg hadde 62, vesentleg i Agder, namnet Bør(r)u, som rett nok òg kan lesast som ei form av namnet Bjørgulf .
- I 1900 var 390 listeførte med namnet Børe, Børre , flest i Hedmark og Rogaland.
- I 2008 hadde 1080 menn Børre til første fornamn, 7 heiter Børje
Remove ads
Kjende namneberarar
- Børre Knudsen (f. 1937), norsk prest og abortmotstandar
- Børre Rønningen (f. 1949), norsk politikar
- Børre Larsen (f. 1952), norsk kunstnar
- Børre Sæthre (f. 1967), norsk biletkunstnar
- Børre Dalhaug (f. 1974), norsk musikar og arrangør
- Børre Næss (f. 1982), norsk skiløpar
- Børre Steenslid (f. 1985), norsk fotballspelar
- Børre Gaup, norsk-samisk omsetjar
Kjelder
- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Børre hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads