Børsa kyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Børsa kyrkje står i Børsa i Skaun kommune i Trøndelag fylke, og er frå 1857.[2]
Arkitekt for bygget, som er i tre, var Christian Heinrich Grosch.[1] Kyrkja er ei langkyrkje der hovudskipet er orientert vest-aust med portalar i vest, sør og nord. Tårnet står i vest og koret er i aust. Koret har runda avslutting. Det er bygd til eit sakresti til dåpsfolk austom koret.
Kyrkja er soknekyrkje i Børsa kyrkjesokn i Orkdal prosti.
Remove ads
Inventar
Altertalvla
Altertavla er frå kring 1730 og er måla av Sigismundus Wagner. Motivet er Jesu siste måltid med følgjesveinane.[2] Tavla stod opphavleg i Krosskyrkja i Bergen og vart flytt til Børsa kyrkje i 1859.[1]
Kyrkjeklokker
Det er to kyrkjeklokker i kyrkja. Begge er laga av Baklandets støberi, den eine i 1908 og den andre i 1910.[1]
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads