B.R. Ambedkar

indisk politikar og økonom From Wikipedia, the free encyclopedia

B.R. Ambedkar
Remove ads

Bhimrao Ramji Ambedkar (14. april 18916. desember 1956) var ein indisk jurist og politikar, kjend som den «indiske grunnlovsfaren». Etter å ha studert i India, USA og Europa vigde han seg til å kjempe for rettane til lågkastehinduar. Ved frigjeringa i 1947 vart han utnemnd til justisminister i den nye kongressregjeringa, men trakk seg attende i 1951, fordi han ikkje tykte at regjeringa innfridde løftene ho hadde gjeve til dei lågaste kastane. Sidan konverterte han til buddhismen og fekk mange lågkastehinduar til å følgje han i dette, for på den måten å frigjere seg frå den hinduiske kasteideologien. Ambedkar har òg forfatta fleire bøker om indisk sosialpolitikk.

Kjappe fakta Fødd, Død ...
Remove ads

Kjelder

  • Ambedkar, Bhimrao Ramji. (1978). I Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. 1 : a-Bem (s. 198). Oslo: Kunnskapsforlaget.
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads