B.B. King

From Wikipedia, the free encyclopedia

B.B. King
Remove ads

Riley B. King (16. september 192514. mai 2015), internasjonalt kjend som B.B. King, var ein USA-amerikansk bluesgitarist, songar og låtskrivar. B.B. King blir rekna som ein av dei største artistane innom bluesen og er kjent for å saman med gitaristen Lucille Gibson turnere mykje og ofte. Kings mest berømte låt er «The Thrill is gone».

B.B. King er ein av dei mest kjente bluesgitaristane i verda. King blir saman med Muddy Waters rekna som mellom dei mest stilbyggande bluesmusikarane og har påverka ei mengde seinare rockemusikarar som Eric Clapton og Jimi Hendrix.

Remove ads

Liv

King vart fødd i Itta Bann i Mississippi, men flytta til Indianola etter kvart. Då han var liten lærte han seg å synge gospel. Presten lærte han å spele dei første gitarakkordar. Og han lærte meir av omreisande bluesgitarisar.

I ungdomen jobba han som gardsarbeidar og traktorførar. Og kvar einaste helg spelte han på lokale bluesbarar. Han og mora voks opp hos ein kvit plantasjeeigar, King elska å bruke tida sin saman med mora og bestemora. Etter mora døydde fekk han god kontakt med faren.

Gjennombrotet til King skjedde i 1949. Då spelte han inn fire låtar, men ingen av dei gjorde særleg stort inntrykk på afroamerikanske publikum. Men i 1951 hamna han i Sam Philips legendariske Sun Studio i Memphis. Ei av låtane hans, «Three O'Clock blues», førte til det store gjennombrotet. Låten låg på r&b-lista i 17 veker.

Musikktidsskriftet Rolling Stone rangerte i 2003 B.B. King som den tredje største gitaristen genom tidene.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads