Eviny
norsk energiselskap From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eviny (tidlegare BKK; Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap) er det største kraftlaget på Vestlandet, og det femte største kraftlaget i Noreg. Kraftlaget driv produksjon, overføring og sal av elektrisk kraft. I tillegg har verksemda dei siste åra satsa på nye tenester som telefoni og breiband. Eviny hadde i 2005 ei omsetning på 3,29 milliardar kroner, og eit overskot på 1,44 milliardar kroner. Administrerande direktør er Ketil Tømmernes.
Remove ads
Soge
Eviny vart skipa 2. juni 1920, etter nokre års strid mellom landkommunane og Bergen om vassdragsrettane til Bergsdalsvassdraget. Den første utbygginga Eviny gjennomførte, var utbygginga av nettopp dette vassdraget, som vart økonomisk mogleg gjennom eit svært heldig dollarlån - der kraftlaget tente gode pengar på stigande kronekurs.
Vassdrag
Eviny har kraftverk og eigarinteresser i følgjande vassdrag.
Samnangervassdraget
I Samnanger kommune, Hordaland. Opphavleg utbygd av Bergen Lysverker (oppkjøpt av Eviny i 1996).
Bergsdalsvassdraget
Matre- og Haugsdalsvassdraget
I Masfjorden kommune, Hordaland og Høyanger kommune, Sogn og Fjordane.
- Matre kraftverk - i drift 1959 (Haugsdalsvassdraget) og 1961 (Matrevassdraget). Årsproduksjon 1302 GWh.
- Hommelfoss kraftverk - i drift 1944, modernisert 1985. Årsproduksjon 14 GWh.
- Stordal kraftverk - i drift 1974. Årsproduksjon 58 GWh.
- Vemundsbotn kraftverk - i drift 1976. Årsproduksjon 165 GWh.
- Vestrebotn kraftverk - i drift 1999. Årsproduksjon 14 GWh.
Eksingedals- og Teigdalsvassdraget
I Voss, Vaksdal og Modalen kommunar, Hordaland og Vik kommune, Sogn og Fjordane.
Modalsvassdraget
I Modalen kommune, Hordaland, Vik kommune og Høyanger kommune, Sogn og Fjordane.
Andre vassdrag
I tillegg kjem mindre kraftverk og vassdrag, samt andre kraftverk der Eviny berre har eigarinteresser, mellom anna Sima kraftverk i Eidfjord kommune.
Samla årsproduksjon for Eviny var i 2005 6500 GWh.
Remove ads
Eigarar
Eviny er eigd av kommunar og fylkeskommunar i Hordaland. Statkraft har dei siste åra kjøpt seg opp ved å kjøpe aksjar frå mellom anna Os kommune.
- Statkraft - 49,90 %.
- Bergen kommune - 37,75 %
- Askøy kommune - 2,48 %
- Lindås kommune - 1,95 %
- Fjell kommune - 1,89 %
- Sund kommune - 1,02 %
- Kvam herad - 0,90 %
- Meland kommune - 0,76 %
- Radøy kommune - 0,74 %
- Voss kommune - 0,62 %
- Øygarden kommune - 0,52 %
- Austrheim kommune - 0,43 %
- Vaksdal kommune - 0,37 %
- Gulen kommune - 0,27 %
- Høyanger kommune - 0,12 %
- Fedje kommune - 0,12 %
- Masfjorden kommune - 0,10 %
- Granvin herad - 0,05 %
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads