Babafjella
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Baba-fjella (pasjto بابا غر Bâbâ Ǧar, farsi کوه بابا Koh-e Bâbâ) er ei fjellkjede i Afghanistan som er ei vestleg forlenging av Hindukush. Kjeda er rundt 6 mil lang. Den høgaste fjelltoppen i kjeda, Shah Fuladi, er 5143 moh. og ligg like sør for Bamiyan.[1]
Babafjella dannar eit vasskilje og er opphavet til alle dei større elvesystema i Afghanistan: Kunduz-Amu-Darja i nord, Harirud i nordvest og Helmand i sør.[1]
Shibarpasset på rundt 3 000 moh. skil Babafjella frå resten av Hindukush, og er éin veg mellom Kabul og Bamiyan.[2] Hajigakpasset på rundt 3 500 moh. er kortare, men mindre farbar, og del av hovudvegen mellom byane.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads