Bahus

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bahus
Remove ads

Bahus er ein gard i Fana i Bergen kommune på sørsida av Kalandseidet mellom Eidatjørna og Røykenesvatnet på grensa til Os kommune.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Europaveg 39 kryssar garden. Det er framleis gardsdrift her.

Remove ads

Namn

Namnet skal vere i oppkalling etter den gamle grensefestninga Bohus (Båhus) i Sverige.

Historie

Garden er første gong nemnt i 1603 og høyrte lenge til Lyseklostergodset. Sidan 1873 har garden vore i sjølveige.

Geografi

Thumb
Bahusvatnet, som ligg mellom Bahus og Lyngbø

Garden ligg sør for Kalandseidet og grensar til Os kommune i sør. I aust ligg fjellet Nordhordlandskulten (389 moh), i søraust Røykenesvatnet og i nordaust Bahusvatnet. Desse vatna og Straumen, som går mellom dei er ein del av Oselvo.

Utanom Os kommune i sør og aust, grensar garden til Lyngbø i nordaust, Kaland i nord og Fortunet i vest.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Bahus
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads