Balkhasjsjøen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Balkhasjsjøenmap
Remove ads

Balkhasjsjøen (kasakhisk Балқаш Көлі, Balkasj Keli, russiski Озеро Балхаш, Ozero Balkhasj) er ein innsjø søraust i Kasakhstan og den nest største i Sentral-Asia etter Aralsjøen. Innsjøen er ein del av det endorheiske nedslagsfeltet som inkluderer Kaspihavet og Aralsjøen.

Kjappe fakta Område, Innsjøtype ...
Remove ads

Historie

Frå så tidleg som 103 f.Kr. og opp 700-talet vart samfunnet ved Balkasj kjend som Pu-Ku/Bu-Ku av kinesarane. Frå 700-talet vart området sør for innsjøen, sør til fjella Tian Shan, kjend som «Dei sju elvane» (Jetisutyrkisk, Semiretsjije på russisk). Det var eit steppeområde der nomadiske tyrkarar og mongolar blanda kulturar med menneska frå Sentral-Asia som alt var her.[1] Under Kina sitt Qing-dynasti (1644 - 1911), danna innsjøen den nordvestlegaste grensa til Riket. I 1864 vart innsjøen og naboområda avstått til Det russiske keisardømet gjennom det kinesiske historikarar kallar ein ujamn avtale, den kinesisk-russiske avtalen. Då Sovjetunionen vart oppløyst i 1991, vart innsjøen ein del av Kasakhstan.

Remove ads

Kjenneteikn

Thumb
Balkhasjsjøen tatt av NASA sin SeaWiFS i 2000.

Innsjøen har i dag eit areal på 16 996 km², men som med Aralsjøen krympar han på grunn av at vatn vert leia bort frå elvane som renn ut i han.[2] Innsjøen har eit gjennomsnittleg djup på 5,8 m og er 25,6 m på det djupaste. Den vestlege halvdelen av innsjøen er ferskvatn, medan den austlege er salt.[3] Middeldjupet i den austlege delen er 1,7 gonger djupare enn den vestlege. Om lag 1 600 km mot nordaust ligg Bajkalsjøen, den vassrikaste innsjøen i verda.

Balkhasjsjøen sitt nedslagsfelt vert drenert av sju elvar. Den største av desse er Ili, medan andre elvar som Karatal fører vatn både på og under jordoverflata. Ili får stort sett vatn frå nedbør (stort sett snøsmelting om våren) som fell i fjella i Xinjiang-regionen i Kina. Balkhasj sitt nedslagsfelt er i seg sjølv endorheisk – vatnet renn altså ikkje vidare frå innsjøen – og Balkasjsjøen har mange av dei same problema som andre endorheiske innsjøar.

Remove ads

Økonomisk utvikling

Vatnet til elva Ili og vatnet i Balkasjsjøen er særs økonomisk viktig for Kasakhstan. Ili er demma opp for å nyttast til vasskraft ved Kaptsjagajskoje og mykje av vatnet i elva vert nytta til vatning i jordbruket eller i industrien. Balkhasjsjøen vert nytta til fiske.

Miljømessige og politiske problem

Sidan folketalet og industrialiseringa i Vest-Kina aukar, og med tradisjonelt dårlege politiske forhold mellom Kasakhstan og Folkerepublikken, er det sannsynleg at det avgrensa vatnet i Ili kan føre til auka konfliktar mellom dei to landa. Liknande internasjonale konfliktar over vassressursar i tørre område førte til inntørkinga av Aralsjøen og Balkasjsjøen ser ut til å følgje i same fotspor.[4]

Vassforureininga i Balkasjsjøen har auka i takt med urbaniseringa og industrialiseringa i området. Fleire dyreartar i innsjøen har forsvunne på grunn av lågare vassnivå og overfiske.[5]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads