Balmhorn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Balmhorn (3698 m) er eit fjell i Bern-Alpane i Sveits. Toppegga dannar grense mellom kantonane Bern og Valais.
Balmhorn er knytt til det nærliggjande fjellet Altels av ein kvass snørygg. Også Rinderhorn høyrer med i dette massivet. Den bratte breen Balmhorngletscher renn frå Balmhorn mot nord gjennom Gasterental. Schwarzgletscher renn i vestleg retning gjennom Gemmiweg. Nedanfor austveggen ligg Lötschenpass og Lötschengletscher.
Vatnet på nordsida av massivet renn gjennom elvane Kander, Aare og Rhinen mot Nordsjøen, medan vatnet på sørsida renn gjennom Rhône ned i Middelhavet.
Remove ads
Fjellet vart klatra fyrste gongen den 21. juli 1864 av Frank Walker, Horace Walker, Lucy Walker, samt fjellførarane Jakob Anderegg og Melchior Anderegg.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Balmhorn» frå Wikipedia på tysk, den 7. oktober 2009.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads


