Balsfjord kommune
kommune i Troms fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
- «Balsfjord» omdirigerer hit. For fjorden kommunen har namn etter, sjå Balsfjorden.
Balsfjord kommune (nordsamisk Báhccavuona suohkan, kvensk og finsk Paatsivuonon komuuni) er ein fjord- og landbrukskommune i Troms fylke.
Remove ads
Geografi og natur
Kommunegrenser
Balsfjord grensar i nord til Tromsø kommune, i aust til Storfjord, i sør til Målselv, og over fjordane i vest til Senja kommune.
Kommunen ligg på begge sidene av Balsfjorden, og det meste av Malangshalvøya høyrer til kommunen. I søraust strekker kommunen seg nesten til svenskegrensa.
Kommunereguleringar
Balsfjord kommune blei oppretta i 1860, då han blei skild ut frå Tromsøysund kommune. Kommunen hadde då 3610 innbyggarar. I 1871 blei Malangen skilt ut som eigen kommune. I 1875 blei eit område med 7 innbyggarar overført til Balsfjord frå Lyngen kommune. I 1904 blei eit område med 5 innbyggarar overført frå Balsfjord til Målselv kommune. 1. januar 1964 blei Malangen slått saman med Balsfjord igjen, men ein del av gamle Malangen kommune, med 118 innbyggarar, og ein del av gamle Balsfjord kommune, med 2 innbyggarar, blei samtidig overført til Målselv kommune. Eit ubebygd område blei òg overført til Storfjord kommune. 1. januar 1966 blei også Sørelvmo krins overført frå Balsfjord til Målselv kommune.
Malangen i den vestlege delen av kommunen var eigen kommune fram til 1964.
Fjordar, fjell og dalar
Fjordar
Kommunen er dominert av dei to fjordane Balsfjorden og Malangen. Rundt fjordane er slake, fruktbare lier som gir gode forhold for jordbruk.
Vatn
Dei sørlege delane av kommunen, mot Målselv, har mange store vatn: Sagelvvatnet, Josefvatnet, Indre og Ytre Fiskelausvatn, Takvatnet (nordsamisk Dávkajávri) og Fjellfrøsvatnet (nordsamisk Geatkejávri).
Fjell og dalar
Austover fører Balsfjordeidet over til Storfjord. Nord for dette eidet ligg dei sørlegaste fjella i Lyngsalpan (nordsamisk Ittugáddi) der den 1505 meter høge Piggtinden står på grensepunktet mellom Balsfjord, Tromsø og Lyngen kommunar. Heilt i søraust ligg Tamokdalen (nordsamisk Dápmotvuovdi) omkransa av dei massive fjella som er karakteristisk for Indre Troms.
Dei høgaste fjella i Balsfjord er:
- Vassdalsfjellet, 1587 moh.[1]
- Rostafjellet (nordsamisk Skoŋggagáisi) på grensa mot Målselv, 1559 moh.[2]
- Litje Russetinden, 1527 moh.[3][4]
Remove ads
Busetting
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for noverande Balsfjord kommune frå 1910:
a Dette talet omfattar Naveren og Målsnes, som var del av gamle Malangen kommune fram til kommunesamanslåingane i 1964, då dei blei overførte til Målselv kommune. Dette området hadde då 118 innbyggarar. Det omfattar òg garden Skogli ved Heia, som var del av gamle Balsfjord kommune fram til 1964, då det blei overført til Målselv kommune. Dette området hadde då 2 innbyggarar. Det omfattar òg Sørelvmo krins, som blei overført til Målselv kommune i 1966. Dette området hadde då 131 innbyggarar.
Grender, gardar
Grunnkrinsar
Balsfjord kommune er delt inn i tre statistiske delområde (innbyggartal 2013):
- Malangen (1323)
- Vestre Balsfjord (2480)
- Østre Balsfjord (1747)
- Bustad ikkje oppgitt (12)
Gardar
Innafor kvar av dei tre grunnkrinsane finn vi dei ulike matrikkelgardane (gnr.) i Balsfjord.[10]
- Malangen: Ursfjord, Hamnvåg, Nordfjord, Meistervik, Nordby, Søndre Malangsmarka, Nordre Malangsmarka, Sand, Bakkeby, Kvitnes, Malangseidet
- Vestre Balsfjord: Sandøyra, Tennes, Josefvatn, Sagelv, Storsteinnes sentrum, Bukta, Sjånes/Holmenes, Sagelvvatn, Takvatn, Strupen, Sørkjos, Markenes
- Østre Balsfjord: Tamokdal, Øvergård, Kjempedal, Bomstad, Nordkjosbotn syd, Nordkjosbotn nord, Seljelvnes, Lakselvdal, Slettmo, Laksvatn, Svarnes ytre, Selnes/Stornes, Loddbukt/Slettnes, Svarnes indre
Tettstader
Kommunen har to tettstader:
- Storsteinnes (1 131 innbyggjarar per 1. januar 2024) er kommunesenter med barne- og ungdomsskole.
- Nordkjosbotn (508 innbyggjarar per 1. januar 2024) er eit viktig trafikknutepunkt med vidaregåande skole.
Remove ads
Samferdsel og kommunikasjonar
Europavegar
E6 går gjennom kommunen. Frå Nordkjosbotn går E8 til Tromsø (73 km), han går òg austover mot Finland, med felles trasé med E6 frå Nordkjosbotn til Skibotn.
Riksvegar og fylkesvegar
Rv 87 går frå Øvergård på Balsfjordeidet gjennom Tamokdalen til Øverbygd og Rundhaug i Målselv kommune og endar i Brandmo-krysset i Bardu der han møter E6.
Fv 858 går frå E6 i krysset ved Tømmerelvbrua, gjennom Storsteinnes og Meistervik, langs Balsfjorden til nordenden av halvøya, og vidare til Balsnesodden før han går gjennom Ryatunnelen til Kvaløya i Tromsø kommune.
Fv 7892 går frå Oldervik langs Malangen og Straumsfjorden tilbake og møter Fv 858 på Balsnesodden på nordenden av Malangshalvøya.
Historie
I 1981 gav Balsfjord kommune ut første bind av bygdehistoria si for åra fram til 1830.[11]
I 1991 gav Balsfjord kommune ut andre bind av bygdehistorie si for åra 1830-1920.[12]
Språk
Samfunn
Politikk
Kommunestyreval
Ordførarar
2003-2011: Gunda Pauline Johansen (Arbeidarpartiet)
2011-2015: Ole-Johan Rødvei (Høgre)[13]
2015-2019: Gunda Pauline Johansen (Arbeidarpartiet)
Interkommunalt samarbeid
Balsfjord er saman med Tromsø og Karlsøy medlemmar i Tromsø-områdets regionråd.[14]
Utdanning, skolar
Balsfjord kommune har følgjande skolar:[15]
- Malangseidet skole (1.-7. klassesteg)
- Sand skole (1.-10.)
- Storsteinnes skole (1.-10.)
- Nordkjosbotn skole (1.-10.)
- Laksvatn oppvekstsenter (1.-10.)
I tillegg har kommunen også:[16]
- Hamnvåg montessori-skole[17]
Det er òg ein folkehøgskole i kommunen:
- Folkehøyskolen 69 grader nord[18]
Det er i tillegg ein vidaregåande skole i kommunen:
- Nordkjosbotn videregående skole/Gárgána joatkkaskuvla[19]
Helse og omsorg
Balsfjord kommune har ein godt utbygd pleie- og omsorgsteneste, med bl.a.
Religiøst liv
I 2018 var 82,4% av folket medlemmar i Den norske kyrkja, 5,1% var medlemmar i andre trus- og livssynssamfunn.[22]
Den norske kyrkja har fleire kyrkjebygg i Balsfjord:[23]
- Balsfjord kyrkje på Tennes, innvigd 19.10.1856
- Nordkjosbotn kyrkje
- Malangen kyrkje på Mortenhals, innvigd 31.08.1853
- Storsteinnes kapell
- Meistervik kapell (gamle Meistervik skole)
Balsfjord og Malangen menigheter har kontorstad på Storsteinnes.[24]
Politi, rettsvesen
Balsfjord er ein del av Troms politidistrikt, Nord-Troms tingrett og Hålogaland lagmannsrett.
Media
Dei viktigaste avisene i nærområdet er:
- Nordlys
- Nye Troms
Remove ads
Næringsliv og sysselsetting
Balsfjord er den største landbrukskommunen i Nord-Noreg, og landbruk og tilhøyrande industri er dei viktigaste næringane i kommunen.
Kommunen seier det sjølv slik i "Strategisk næringsplan 2016-2025":[25]
- Landbruket representerer en viktig rolle for bosetting og tjenesteproduksjon i kommunen. Jordbruket alene gir en sysselsetting på om lag 230 årsverk og en verdiskapning på 61 mill. kroner i 2013. Ringvirkningene av landbruket er på ca. 150 avledede årsverk.
Sysselsettingstala for 2018 viser at dei viktigaste næringane var desse:[22]
Sekundærnæringar | 747 |
Varehandel, hotell og restaurant, samferdsel, finanstenester, forretningsmessig teneste, eigedom | 676 |
Helse- og sosialtenester | 661 |
Undervisning | 241 |
Jordbruk, skogbruk og fiske | 192 |
Off.adm., forsvar, sosialforsikring | 131 |
Personleg tenesteyting | 66 |
Remove ads
Kultur
Kulturhus og grendehus
Balsfjord folkebibliotek[26]
Lag og foreiningar[27]
Idrettslag
- Storsteinnes Idrettslag[34]
- Nordkjosbotn Idrettslag[35]
- Laksvatn Idrettslag[36]
- Malangshalvøya Ballklubb
Galleri
Fjæragalleriet[37]
Remove ads
Attraksjonar
Kulturminne
Riksantikvaren har eit oversyn over kulturminne i Balsfjord i databasen Kulturminnesøk.[38]
Museum
Balsfjord Fjordmuseum og Våtmarksenter på Storsteinnes er ein del av Midt-Troms Museum.[39]
Aursfjordsaga, som er den einaste bevarte oppgangsaga i Nord-Noreg, er òg ein del av Midt-Troms Museum.[40]
Natur
Din Tur har i samarbeid med Balsfjord og Omegn Turlag sørgd for merking av 36 vandreruter i kommunen.[41]
Kjente innbyggarar frå Balsfjord
- Kent-Are Antonsen (fødd 1995), fotballspelar, speler for Tromsø IL i Tippeligaen.
- Otto Bastiansen (1918-1995), professor i kjemi.
- Andreas Beck (1864-1914|) fangstmann, ishavsskipper, islos og reder. Han var islos på Roald Amundsen sin sørpolekspedisjon.
- Anne Osvaldsdatter Bjørkli (fødd 26. januar 1951) forfattar, busett på Storsteinnes.
- Johannes Mathias Jensen Furø (1836-1899), husmann, fiskar og forfattar. Han brukte også etternamnet Spilderbugt.
- Lillemor von Hanno (1900-1984), skodespelar og forfattar.
- Sverre Heim (fødd 1951), prisbelønna kreftforskar og noregsmeister i sjakk.
- Kine Hellebust (f.1954 i Harstad) driv Fjæragalleriet i Malangen.
- Edvard Holm Johannesen (1844-1901), ishavsskipper og oppdagingsreisande.
- Gunda Pauline Johansen (fødd 2. mai 1952), lokalpolitikar (Ap), ordførar i Balsfjord kommune 2003-2011 og frå 2015.
- Arne Vidar Moen (fødd 1971), tidlegare fotballspelar.
- Kjell-Sverre Myrvoll (fødd 1981 i Aursfjord), lokalpolitikar (Senterpartiet), varaordførar i Balsfjord kommune 2007-2011.
- Morten Pedersen (fødd 1972), fotballtrenar og tidlegare fotballspelar.[42]
- Einar Johan Johansen Seljevold (1934-2016), journalist, frå 1969 til 1977 sjef for NRK Finnmark, og NRK-korrespondent i Moskva1977-1980.
- Alfred Jørgen Gjems Selmer (1893-1919), skodespelar.
- Tordis Gjems Selmer (1886-1964), songarinne.
- Asbjørn Sjøthun (1927-2010), politikar (Arbeidarpartiet), stortingsrepresentant for Troms 1969–1989.
- Henrik Larsen Skjæret (fødd i 1781 eller 1782, død 1855), bonde og tømmermann, blei 1. august 1814 vald som representant frå Finmarkens Amt (svarar i dag til Troms og Finnmark fylker).
- Helge Solvang (1913-2013), dekorert krigsveteran og politikar (Arbeidarpartiet), kjent som Noregs eldste folkevalte, møtte i Balsfjord kommunestyre som 100-åring.
- Trine Strand, artist, tekstforfattar og komponist.[43]
Remove ads
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads