Baltarar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Baltarar er ei folkegruppe som snakkar baltiske språk og hovudsakleg held til i Baltikum. Dei nedstammar frå ei gruppe indoeuropeiske stammar som busette seg i området mellom elvane Vistula og Dvina og Dnepr rundt 2 500 f.Kr.

Litauarar og latviarar er dei viktigaste baltiske folkegruppene i dag. Andre grupper er forsvunne, det vil seia at språka deira er utdøydde. Dei fleste blei tekne opp i austbaltiske folk, hovudsakleg litauarane.

Dei baltiske folka har historisk livnært seg som bønder i skogane og på landsbygda, levd relativt isolert og blitt lite påverka av nabofolkeslag. Derfor har mange opphavlege indoeuropeiske tradisjonar og språktrekk overlevd i stor grad. Baltisk mytologi har til dømes mange fellestrekk med vedisk, gammalhinduisk, religion.

Remove ads

Baltiske folkegrupper

  • Vestbaltiske folk
    • Gammalprøyssar, snakka gammelprøyssisk (utdøydd)
    • Jotvingarar, snakka jotvingisk (utdøydd)
    • Skalvarar, snakka skalvisk (utdøydd)
    • Kurlendarar, snakka kurlandsk (utdøydd)
    • Galindarar, snakka galindisk (utdøydd)
  • Austbaltiske folk
    • Litauarar, snakkar litauisk
    • Samogitiarar, snakkar samogitisk
    • Latgallarar (utdøydd)
    • Semgallarar (utdøydd)
    • Latviarar, snakkar latvisk
    • Selarar, snakka selisk (utdøydd)
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads