Bamble kommune
kommune i Telemark From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bamble er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen omfattar byane Stathelle og Langesund, og tettstadane Herre og Valle.
Bamble grensar til Kragerø, Drangedal, Skien og Porsgrunn kommune.
Kystområdet mot sør med sin skjergard er om sommaren rekreasjonsområde (med Skjærgårdsparken) for turistar, og har i overkant av 2000 hytter. Bamble har den lengste kystlinja i Telemark, frå Voldsfjorden i nordaust til Fossingfjorden i søraust.
Remove ads
Næring
Hovudnæringane i kommunen er petrokjemisk industri (Hydro Rafnes og Borealis Rønningen), skipsteknologifirmaet Skarpenord, mekaniske verkstadar, fiskeri, servicenæring, jord- og skogbruk.
Venskapsbyar
Attraksjonar
Bamble har fleire attraksjonar som til dømes Wrightegaarden (med konsertar), bygdeborga på Storås, Olavskyrkja ruin (Skeidi), Bamble kyrkje, Langesundstangen (tidlegare Tangen HV-fort til 1993) og Cudrios sjøbod (museum Langesund).
Der er også Brevik bru (frå 1962) og Grenland bru (frå 1997) austover over Frierfjorden til Porsgrunn kommune. Grenland bru er den høgaste fastlandskonstruksjonen i Noreg med eit tårn på 166 m.
Bilete
- Grenlandsbrua og den eldre Brevikbrua bind Bamble og Stathelle (t.v.) saman med med Porsgrunn på den andre sida av Frierfjorden.Foto: Bamble kommune
- Bamble kyrkje har stått modell for fleire andre norske kyrkjer.Foto: Hallvard Straume
- Langøytangen fyr ved Langesund
Bakgrunnsstoff
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads