Banjo Paterson

From Wikipedia, the free encyclopedia

Banjo Paterson
Remove ads

Andrew Barton Paterson (17. februar 18645. februar 1941), mest kjend under namnet «Banjo Paterson», var ein australsk forfattar, journalist og jurist. Han vart fødd på ein sauefarm i nærleiken av den vesle byen Orange i delstaten New South Wales i Australia.

Kjappe fakta

Banjo Paterson skreiv viser og dikt om livet og levevilkåra til dei som hadde tilhald i dei landlege områda i Australia, medrekna dei tørre og avsidesliggjande indre områda. Folket i distriktet kring Binalong i New South Wales, der han budde mykje av barndomstida, var mellom dei som gav inspirasjon til diktinga hans.

Han har fått ord på seg for å vere ein «bush-poet» av di han nytta stil og tema som var kjent frå slike tradisjonelle folkeviser og folkemusikk som skildra folket og landskapet i den australske «bushen», det vil seie på den australske landsbygda. Framfor alt er han namngjeten for dikt som «Waltzing Matilda» frå 1895, «Clancy of the Overflow» frå 1889 og «The Man from Snowy River» frå 1890.

Remove ads

Litteratur

  • Richard Hall, 2012, Banjo Paterson : His poetry and prose, Allen & Unwin, ISBN 1-74343-312-3

Bakgrunnsstoff

Tekstar av og om Banjo Paterson

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads