Barada

From Wikipedia, the free encyclopedia

Barada
Remove ads

Barada (arabisk بردى Baradá; gresk Khrysorrhoas) er den største elva som renn gjennom Damaskus, hovudstaden i Syria. Ho renn gjennom kjelda ‘Ayn Fījah (عين فيجة), kring 27 km nordvest for Damaskus i Anti-Libanon-fjella, men kjelda hennar er Baradasjøen, som ligg kring 8 km frå Zabadani. Barada renn gjennom eit bratt, smalt elvegjel kalla «Rabwe» før ho renn inn i Damaskus, der ho deler seg i sju greiner og gjev vatn til oasen Ghouta (الغوطة). Namnet 'Barada' trur ein kjem frå 'barid', som tyder 'kald'. Det gammalgreske namnet tyder 'gylden elv'.

Thumb
Barada i 1868
Thumb
Barada kring 1930
Kjappe fakta Land, Koordinatar ...

Gjennom det tørre platået aust for Damaskus finst oasar og elvar som munnar ut i myrområde og små vatn som gjev området vatn nok til å halde seg frodig. Dei viktigaste av desse er Barada, ei elv som spring ut frå Anti-Libanonfjella og forsvinn ut i ørkenen. Barada skapar Al Ghutah-oasen som Damaskus er bygd innanfor. Dette frodige området som dekkjer 370 kvadratkilometer har gjort det mogeleg for Damaskus å trivast sidan antikken. Frå midten av 1980-åra og frametter har Al Ghutah-oasen gradvis erodert bort på grunn av utbygging av forstader og lettindustri. .

Elva har blitt råka av alvorlege flaumar dei siste tiåra, hovudsakleg på grunn av mindre nedbør enn før og aukande folkesetnad i området. Ho er òg råka av alvorleg forureining, særleg om sommaren når elva nesten ikkje flyt og det er lite vatn i elveområdet.

Barada er identifisert som Abana som er den viktigaste av to elvar i Damaskus og vart nemnt i Kongebøkene (2 Kong 5:12).

Barada er òg eit etternamn i Syria, Egypt, Marokko, USA, Israel, Argentina og Frankrike.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads