Barcelonnette
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Barcelonnette (oksitansk Barciloneta eller Barcilona) er ein kommune søraust i Frankrike i Ubayedalen, og sous-préfecture (underprefektur) i departementet Alpes-de-Haute-Provence. Kommunen har nesten 3 000 innbyggjarar.
Remove ads
Historie
Namnet på byen kjem frå Ramon Berenguer IV, greve av Barcelona og hertug av Provence, som grunnla byen i 1231.
Geografi og industri
Barcelonnette ligg i ein vid og svært frodig dal. Han ligg 1 132 meter over havet ved den høgre breidda til elva Ubaye.
Hovudnæringa i byen er hovudsakleg turisme og eit skisenter.
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads