Barking av tømmer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Barking vil seia å fjerna borken frå trestammar. Tidlegare, då tømmeret vart køyrt fram med hest, vart tømmeret barka i skogen der det var hogge, for at dei skulle gli lettare. At barka tømmer tørkar snøggare var viktig der ein nytta fløyting, etter som det då var mindre tømmer som sokk. Likevel rekna ein med at på 2-3 % av tømmeret som vart fløyta sokk[1].

Før det vart vanleg å nytta barkespade vart barkinga utført med øks. Om lag halvparten av tida gjekk med til barking med spade, så dette var ein kostbar operasjon. På 1960-talet vart det difor utvikla barkemaskinar. Desse vart i byrjinga plasserte på lunningsplassane, men etter kvart vart det innstallerte større og meir effektive barkemaskinar ved sagbruk og papirfabrikkar.
Remove ads
Galleri
- Barking med barkespade
Sjå òg
- Barking for konservering (av skinn)
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads