Apostelen Bartolomeus

From Wikipedia, the free encyclopedia

Apostelen Bartolomeus
Remove ads

Apostelen Bartolomeus var ein av Jesu læresveinar og ein av dei tolv opphavlege apostlane.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Bartolomeus er lite omtalt i Bibelen. Han er nemnd i dei tre synoptiske evangelia i samband med at Jesus kallar apostlane til seg.[1][2][3] I Apostelgjerningane er han nemnd blant læresveinane som var vitnar til Kristi himmelferd.[4]

Det apokryfe Bartolomeusevangeliet, som no er tapt, er nemnt i fleire tidlege kristne kjelder. Bartolomeus speler ei sentral rolle i to overlevande tidlegkristne skrifter, Spørsmåla til Bartolomeus og Boka om gjenoppståinga til Jesus Kristus av apostelen Bartolomeus.

Etter ei legende fekk Bartolomeus kongen av Armenia til å omvende seg til kristen tru. Men da den heidenske broren til kongen oppdaga dette, lét han Bartolomeus bli flådd levande for så å bli halshogd.

Thumb
Michelangelo si dommedagsfreske viser den heilage Bartolomeus med ein kniv i handa og eit flådd skinn.

Minnedagen hans, barsok eller St. Bartholomeus-messe, vert feira 24. august. I kunsten vert han oftast avbilda med ein kniv, til minne om martyriet hans.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads