Batolitt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein batolitt er ein stor, ofte uregelmessig masse av ein granittisk djupbergart. Forma avspeglar magmakammeret der smeltemassen krystalliserte i djupna.

Typiske batolittar er større enn 100 km² i overflata. Dersom dei er mindre, blir kalla dei for stokkar. Mange batolittar kan strekkje seg ned mot store djup i jordskorpa, men underlaget er ofte ukjent. I den seinare tida har geofysiske undersøkingar vist at dei har ei avgrensa djupn og ofte flat botn.
Karakteristiske bergartar i batolittar er granittar, syenittar, monzonittar og tonalittar. I Noreg dannar mange av dei 800–1100 millionar år gamle granittane i grunnfjellet typiske batolittar og stokkar.
Remove ads
Kjelder
- Batolitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014 frå http://snl.no/batolitt.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads