Bavianar

pattedyrslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Bavianar
Remove ads

Bavianar er ei gruppe apar i smalnaseapefamilien. Dei er nært i slekt med mandrill, drill og gelada. Bavian finst hovudsakleg i Afrika, men nokre lever også i Midtausten. Dei lever mest på savannar og sletter, men finst også i fjellstrok. Bavianar er mindre utsette for utrydding enn andre primatar. Berre ein art, raudbavian (Papio papio), er rekna som «nær truga» av IUCN.

Thumb
Papio ursinus-familie i Sør-Afrika.
Thumb
Raudbavian (Papio papio)
Thumb
Hamadryasbavian Papio hamadryas
Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Alle bavianartane har lange, hundeaktige snutar, tettsittjande auge, tjekk pels bortsett frå på snuten, kort hale og kraftige kjevar. Augo ligg djupt under den framskotne augebrynskanten. Kroppen og lemmane er sterke. Som regel er det ein viss skilnad mellom kjønna, både i storleik, farge og tenner. Bavianar går som regel på fire på marka, og klatrar opp i tre ganske sjeldan. Ofte støttar dei seg med den eine armen og bruker den andre til å plukka gras dei et.

Som oftast held mange individ seg saman i store flokkar. De kan leva i harem sett saman av ein hann og fleire hodyr. Fleire mindre slike harem kan til saman danna ein større flokk. Nokre arter lever i lausare grupper.

Bavianaer er altetarar. Dei tek til seg uike slag plantekost, men et også virvellause dyr og kjøt. Dei kan fanga større dyr og går av og til til åtak på husdyr. Tidvis kan dei til og med vera kannibalar.

Bavianer kan vera svært aggressive. I ein flokk hender det ofte at det er voldsomme slostkampar mellom leiande hannar.

Remove ads

Bavianar i kulturen

Det gamle Egypt

I det gamle Egypt rekna ein bavianar som heilage, og var freda. Nokre blei mumifiserte. Guden Babi som var knytt til å dømma dei døde i underverda hadde bavianskikkelse. Gravguden Hapi hadde typisk bavianhovud og Tot, som også dømde døde, blei tidvis avbilda som ein bavian. Bavianar er nemnde i Den egyptiske daudeboka.

Sanfolket

Sanfolkmytologi nemner bavianar ulike stader. Ofte blir dei rekna som vonde menneske som er blitt omgjorte til bavianar for sin råe oppførsel. På klippemåleri finn ein av og til individ som er halvt bavian og halvt menneske.

Remove ads

Artar

  • Papio hamadryas
  • Papio papio
  • Papio anubis
  • Papio cynocephalus
  • Papio ursinus

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads