Bsharri
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bsharri (òg skrive Becharre, Bcharre, Bsharre; arabisk بْشَرِّيْ) er ein by som ligg kring 1500 meter over havet i Kadishadalen nord i Libanon. Han ligg i Bsharri distrikt i Nord guvernement.
Bsharri er den einaste byen som har att Guds seder, libanonsederskog frå antikken. Han er fødestaden til den kjende diktaren, målaren og bilethoggaren Khalil Gibran som har eit museum i byen.
Remove ads
Historie
Namnet «Bsharri» (بشرّي) finst i fønikiske språk og tyder «Huset Ishtar»,[1] Ishtar var ei gudinne som fønikarane dyrka før kristendomen kom til området.

Bsharri var ein fønikisk busetnad i antikken. Maronittiske kristne som flykta forfølgjing søkte tilflut i fjellområda på 600-talet. Kadishadalen, nedanfor byen, vart eit andeleg senter for den maronittiske kyrkja. Byen vart kalla Buissera av krossfararane.

I motsetnad til andre delar av Libanon, var arameisk talespråk i Bsharri til godt inn på 1800-talet. Innbyggjarane i Bsharri har derfor ein særeigen aksent når dei snakkar arabisk.[treng kjelde]
Under den libanesiske borgarkrigen (1975–1990) var Bsharri ein bastion for kristne mot dei første palestinarane og syrarane. Mange av dei unge i byen vart med i Falangistpartiet i starten av borgarkrigen. I 1986 vart Samir Geagea frå Bsharri leiaren for dei kristne libanesiske styrkane (LF). Mange LF-militante kom frå byen under borgarkrigen.
Remove ads
Geografi
Klima
Bsharri har eit kontinentalt middelhavsklima (Csb/Dsb etter Köppen si klimaklassifisering), med tørre og milde somrar og kalde, snørike vintrar. Temperaturen om sommaren kan gå over 30 °C nokre få gonger i året. Om vinteren kan temperaturen falle til -15 °C. Kraftig snøfall skjer kvart år og snødjupner på over to meter kan oppstå.
Remove ads
Galleri
- Epletre i Bsharri på hausten
- Bsharri frå nær gravplassen
- Valnøttre om vinteren
- Arakdestillering
- Bsharri om vinteren
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads