Beach Boys Concert

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Beach Boys Concert er eit konsertalbum av The Beach Boys frå 1964. Det er det sjuande albumet deira og det tredje som kom ut dette året. Beach Boys Concert var det første albumet deira som nådde førsteplassen på albumlista i USA, der det vart liggande i fire veker og selde til gullplate.

Meir informasjon Kritikk, The Beach Boys-kronologi ...

Det viste seg at Beach Boys Concert vart gjeven ut til rett tid og produsent Brian Wilson slutta like etter å halde konsertar med bandet. Dei neste tretti åra spelte han berre sporadisk med bandet. Det er òg det einaste konsertalbumet med dei fem originale medlemmene i The Beach Boys. Albumet vart spelt inn the Memorial Auditorium i Sacramento i California.

Albumet inneheldt fleire songar som The Beach Boys spelte fast på knosertar, men som ikkje hadde vore med på tidlegare album, som «Papa-Oom-Mow-Mow», «The Wanderer» og «Monster Mash». «The Little Old Lady From Pasadena» var ein hit for Jan & Dean.

Albumet vart fiksa på i studio i etterkant med fleire vokalspor. I tillegg nytta Brian Wilson det originale musikksporet på både «Fun, Fun, Fun» (i høgare tempo) og «I Get Around», men på begge var det fjerna enkelte instrument slik at dei høyrdest ut som heilt nye framføringar.

Ei kortare utgåve vart gjeven ut på Pickwick Records som Wow, Great Concert!

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Beach Boys Concert (Capitol (S)TAO 2198) finst i dag på CD i lag med Live in London, samt bonusspor frå begge periodar.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads