Beinfiskar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Beinfiskar (Osteichthyes) er ein overklasse ryggstrengdyr som omfattar alle fisk med forbeina skjelett. Me delar han inn i to klassar ut frå korleis finnane er bygd opp; kjøtfinnefiskane har finnemusklane integrert i sjølve finnane medan strålefinnefisk berre har dei ved finnerøtene. Dei fleste beinfiskane høyrer til teleostane.
Tidlegare rekna ein beinfiskane som eigen klasse, men ein har seinare komme fram til at dette er systematisk unøyaktig. Sidan ein normalt ikkje reknar tetrapodane (amfibium, krypdyr, fugl og pattedyr) med i ho, vert gruppa parafyletisk. Omgrepet er likevel mykje i bruk, både i og utanfor fagmiljø.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads