Bellevue i Washington
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bellevue er ein by i Eastside-regionen i King County i delstaten Washington i USA. Byen, som ligg på austbreidda av Lake Washington, i luftlinje einast 5-6 kilometer frå sentrum i Seattle, har over 150 000 ibuarar. Bellevue er i gagnet ein forstad til storbyen Seattle.

Bellevue har vore i kraftig vekst dei siste tiåra. Før og etter lavkonjunkturen i 2008 har sentrumsområdet vore i snøgg endring og mange høghus vorte bygt.
Lastebilprodusenten Paccar, teleoperatøren T-mobile US og videospel-produsenten Valve har alle hovudkontor i Bellevue. Teknologiselskapet Amazon.com vart grunnlagt her i 1994.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Bellevue, Washington» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads