Belluno
kommune i Italia From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Belluno (friulisk Belun, tysk Beilun) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Belluno i regionen Veneto og har om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 80 km nord for Venezia og er den viktigaste byen i Dolomittane. Han er òg den største byen i Valbelluna-området.
Remove ads
Den første klesbutikken til Benetton opna her i 1965. Han er ein av 15 kommunar i nasjonalparken Dolomittane.
Remove ads
Geografi
Belluno ligg på ei klippe oppfor området der elvane Torrente Ardo og Piave renn saman. I nord ligg det imponerande Schiarafjellet i Dolomittane, med den kjende Gusela del Vescovà («Nåla til biskopen»), og fjella Serva og Talvena stig opp frå byen. I sør ligg dei første fjella i Alpane og på andre sida av desse ligg Veneziasletta. Lenger sør ligg Nevegal, i Castionese-området, som er ein kjend skiferiestad. Den årlege normaltemperaturen for Belluno er 9 °C og i løpet av eit år kjem det normalt 1370 mm nedbør.
Remove ads
Historie
Namnet på byen kjem frå det keltiske belo-dunum som tyder «storarta ås». Namnet kom frå den gunstige plasseringa i dalen.
Byen vart grunnlagd rundt 220-200 fvt. av romarane og frå 181 fvt. var han ein viktig militærpost i det romerske Venetia. Etter fallet til Vestromarriket vart han styrt av langobardar (500-talet) og karolingar (700-talet). Frå seint på 800-talet vart han styrt av ein biskop og fekk då ei borg og bymurar. Seinare kom han inn under ghibellinar-familien Ezzelino. Etter å ha kjempa mot Treviso om kontroll over det nærliggande området vart til slutt Belluno underlagt Republikken Venezia (1404). Frå den tid vart han eit viktig senter for transport av tømmer frå Cadore og ned og opp elva Piave.
Etter Republikken forsvann kom Belluno inn under Keisardømet Austerrike fram til han vart annektert av Kongedømet Italia i 1861.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads