Benking

From Wikipedia, the free encyclopedia

Benking
Remove ads

Benking er i geologi ein bergstruktur med oppsprekking i flatliggande og parallelle berglag, som benkar av stein. Dette er den minste litostratigrafiske inndelinga ein har, og vanlegvis er tjukkeleiken på laga frå nokre centimeter til fleire meter, og skil seg frå benkane både over og under. Benkane kan vere både av forskjellige bergartar eller mineral og partikkelstorleik. Uttrykket vert oftast nytta om sedimentære lag, men kan òg nyttast om vulkanske straumar eller oskelag.

Thumb
Sedimentær benking i Tyrkia

Sandstein, kalkstein og granitt syner ofte benking. I steinindustrien er benking viktig for å kunne ta ut rektangulære steinblokker.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads