Benni McCarthy

sørafrikansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Benni McCarthy
Remove ads

Benedict Saul McCarthy (fødd 12. november 1977 i Cape Town) er ein sørafrikansk fotballspelar som har spela for West Ham United i engelsk Premier League, og for landslaget til Sør-Afrika.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fullt namn ...

McCarthy har vore med på å vinna den nederlandske toppdivisjonen, Eredivisie, med Ajax i 1998, den portugisiske toppdivisjonen med Porto i 2004 og 2006 og den europeiske Meisterligaen med Porto i 2004. Han var toppskårar i den portugisiske toppdivisjonen i 2003/04-sesongen. Han var Blackburn Rovers sin toppskårar i Premier League i 2006/07-sesongen med 18 seriemål, og i 2008/09-sesongen med 10 seriemål. Han spelte for landslaget til Sør-Afrika i fotball-VM i 1998 og 2002. Etter den siste meisterskapen sa han nei til vidare landslagsspel, men vende attende til landslaget i 2004, og har no rekorden for flest landslagsmål for Sør-Afrika.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads