Berd
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Berd (russisk Бердь) er ei elv i Altaj kraj og Novosibirsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå høgre.
Elva spring ut frå vestsida av Salairryggen og renn 30 km i Altaj kraj før ho kryssar grensa til Novosibirsk oblast. Ho munnar ut i Berdskbukta i Novosibirsk-reservoaret, som oversvømte dei nedste 40 km då det stod ferdig. Elva er 363 km lang (opphavleg 416 km), med eit nedslagsfelt på 8 740 km². Middelvassføringa er på 45,8 m³/s.
Elva frys til i byrjinga av november, og er isdekt til april.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Бердь (река)» frå Wikipedia på russisk, den 6. oktober 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads