Berg arbeidskyrkje i Brunlanes
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Berg arbeidskyrkje er ei arbeidskyrkje i Brunlanes (no Larvik kommune) i Vestfold fylke.
Berg trekyrkje hadde stort behov for oppussing på 1970-talet, men ikkje alt vart gjennomført. I staden vart det arbeidd for å byggje ei ny arbeidskyrkje. Etter forseinkingar i samband med kommunesamanslåinga mellom Larvik og Brunlanes kom det fortgang i planane rundt tusenårsskiftet, og arbeidskyrkja vart oppført på Søndersrød i utkanten av Helgeroa, med vigsling 27. januar 2007.
Arbeidskyrkja er hovudsakleg forblenda med teglstein utvendig, medan stopulen er ein trekonstruksjon. Sjølve kyrkjesalen er kvadratisk og har ein takkonstruksjon av limtre. Rommet er møblert med lause stolar.
Arbeidskyrkja har i stor grad teke over som gudstenestekyrkje etter trekyrkja. Det er ikkje kyrkjegard ved arbeidskyrkja, så gravferder skjer framleis ved trekyrkja.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads