Berg trekyrkje i Brunlanes
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Berg trekyrkje er ei langkyrkje frå 1878 i Brunlanes (no Larvik kommune) i Vestfold.
På slutten av 1800-talet var Berg steinkyrkje for lita og i dårleg stand, og det vart vedteke å byggje ny kyrkje. Kyrkja vart teikna av Johannes Henrik Nissen, oppført av byggmeister Mathias Olsen frå 1875 og innvigd i 1878. Ho har vesttårn, og koret i aust er polygonalt avslutta og har sakrsiti på kvar side.
Kyrkja går for å vere den største trekyrkja i Larvik kommune, men overslaga over talet på sitjeplassar varierer.[1]
Altartavla er frå 1580 og vart overført frå steinkyrkja, som vart riven etter at trekyrkja var innvigd (for så å bli gjenreist seinare). Preikestolen ser ut til å vere på alder med kyrkja.
På 1970-talet vart det avdekka skadar på trekyrkja, og det vart sett av midlar til istandsetjing. Ikkje alle reparasjonane vart faktisk utført. I staden vart det arbeidd for å oppføre ei arbeidskyrkje, som vart innvigd i 2007. Denne har for ein stor del teke over som gudstenestekyrkje.
Kyrkjegarden er framleis i bruk, og den nye arbeidskyrkja har ingen kyrkjegard.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 554. ISBN 82-7527-022-7.
- «Berg trekyrkje i Brunlanes». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Lokalhistoriewiki
- iBrunlanes.no
- Berg trekyrkje i Brunlanes i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads