Bergstad
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bergstad er ein by-liknande tettstad grunnlagd med utgangspunkt i gruvedrift. Ein bergstad hadde tidlegare eigne lover og rettar, såkalla berglover. I Noreg er Kongsberg og Røros gamle bergstader. Fram til 1683 gjaldt bergordninga slik ho var fastsett i kurfyrstedømet Sachsen. Bergordninga danna grunnlaget for Berg–Ordinancen av 23. juni 1683. Kongelege forordningar og bergprivilegium vart gjort gjeldande. Lovane regulerte mellom anna retten til å driva med gruvedrift.
Remove ads
Kjelder
- http://de.wikipedia.org/wiki/Bergordnung
- http://no.wikipedia.org/wiki/Bergstad
- Dialektnivellering, ungdom og identitet Ein komparativ studie av språkleg variasjon og endring i to tilgrensande dialektområde, Røros og Tynset
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads