Stjerna Agena

From Wikipedia, the free encyclopedia

Stjerna Agena
Remove ads

Agena (Beta Centauri, β Cen, β Centauri, Hadar) er eit trippelt stjernesystem sør i stjernebiletet Kentauren. Den samla tilsynelatande storleiksklassen er 0,60 som gjer ho til den nest klåraste stjerna i stjernebiletet Kentauren og den tiande klåraste stjerna på nattehimmelen. Dei tradisjonelle namna er Hadar og Agena. Namnet Hadar kjem frå arabisk حضار (rota tyder «å finnast» eller «på bakken» eller «busetnad»[8]), medan namnet Agena kan ha kome frå det det latinske gena 'kne'.

Kjappe fakta Observasjonsdata Epoke J2000 Ekvinoks J2000, Astrometri ...

Beta Centauri-systemet har tre stjerner: Beta Centauri A1, A2 and B. Avstanden til systemet er kring 350 lysår.[1] Spektrumet for systemet indikerer at Beta Centauri A1 og A2 begge er kjempestjerner som har brend opp all hydrogenet i kjernen og utvikla seg bort frå hovudserien. Dei er begge Beta Cephei-variabel med ein pulserande periode på 0,157 dag.[5]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads