Betongbil

From Wikipedia, the free encyclopedia

Betongbil
Remove ads

Betongbil er ein lastebil med ein roterande trommel i staden for lasteplan. Dei vert nytta for å transportera ferdig betong frå betongblandeverk til staden der betongen skal nyttast, til dømes ein byggjeplass.

Thumb
MAN F90 26.272 betongbil.

Det er viktig at den ferdige betongen i trommelen kjem fram så snøgt råd er og både for at betongen ikkje skal setta seg fast og for at han skal behalda konsistensen under transport roterer trommelen. Denne rotasjonen fører til at betongen hamnar på den eine sida av trommelen. Saman med høgt massepunkt fører dette til at betongbilar kan vera utsette for velting om ein held for høg fart i svingane.

Dei fleste betongbilane er bygd på eit lastebilchassis, men nokre er bygde opp frå grunnen. På spesialbygde betongbilar vender opningen på trommelen ofte framover, slik at det er lettare for føraren å manøvrera bilen fram til ei betongpumpe.

Remove ads

Galleri

Sjå òg

  • Betongblandar
  • Betongblandeverk
  • Betongpumpe
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads