Bielsko-Biała
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bielsko-Biała (tysk Bielitz-Biala; tsjekkisk Bílsko-Bělá) er ein by sør i Polen med om lag 175 000 innbyggjarar.
Bielsko-Biała består av to tidlegare byar på kvar side av elva Biała, Bielsko og Biała, som vart slått saman i 1951. Han ligg i Schlesiske voivodskap (sidan 1999) og var tidlegare hovudstad i Bielsko-Biała voivodskap (1975–1998).
Remove ads
Historie
Det noverande sentrumet i byen vart truleg utvikla på første halvdel av 1200-talet. På denne tida vart det bygd ei borg på ein ås. Borga står framleis i dag.
På andre halvdel av 1200-talet inviterte Piast-hertugar av Opole (Oppeln) tyske nybyggjarar til landområdet mellom Schlesien og Vesle-Polen for å kolonisere Dei schlesiske Beskidane. Nærliggande busetnader vest for Biała var Nikelsdorf, Kamitz, Alt-Bielitz (i dag Stare Bielsko), Batzdorf og Kurzwald. Nærliggande busetnader aust for elva var Kunzendorf, Alzen og Wilmesau. I fjella like ved låg Lobnitz og Bistrai.
Etter delinga av Hertugdømet Oppeln i 1281 gjekk Bielsko til hertugane av Cieszyn (Teschen). Byen vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1312 då ein hertug av Cieszyn gav han byrettar. Frå 1457 var Biała grensa mellom Schlesien (i Det tysk-romerske riket) og Vesle-Polen. Byen Biała vart grunnlagd på motsett side av Biała i 1723.
Under den første delinga av Polen i 1772 vart Biała annektert av Habsburgmonarkiet til Austerrike, inkludert Galicia. I 1918 vart begge byane ein del av Den andre polske republikken, sjølv om størstedelen av innbyggjarane var tyskarar. Under den andre verdskrigen vart byen annektert av Nazi-Tyskland og den jødiske folkesetnaden vart send til Auschwitz konsentrasjonsleir. Etter den raude arméen frigjorde byen i 1945 vart den tyske folkesetnaden drive bort.
Byen Bielsko-Biała vart oppretta 1. januar 1951 då dei to byane Bielsko og Biała vart slått saman.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads