Bietarfamilien
fuglefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bietarfamilien, Meropidae, er ein familie av råkefuglar. Dei er hovudsakleg tropiske eller tempererte, og lever hovudsakleg av bier og andre flygande insekt. Gruppa omfattar 28 artar i tre biologiske slekter, den europeiske bietaren vert stundom sett i Noreg.
Remove ads
Skildring

Foto: Dûrzan Cîrano

Foto: Adam John Bourke

Foto: Lip Kee

Foto: JJ Harrison
Bietarar er karakterisert av ei fjørdrakt med sterke farger, av slanke kroppar, og mange artar har langstrekte, sentrale halefjører. Alle har lange, nedbende nebb og spisse venger, noko som gjev dei ein svaleliknande utsjånad sett frå avstand. Dei fleste artane i bietarfamilien lever i Afrika og Asia, men somme artar finst i Sør-Europa, Australia og Ny-Guinea.
Som namnet ymtar om, fangar bietarane flygande insekt, spesielt bier og kvefs. Dei vil vente på ein open kvist i eit tre eller busk, og så åtake byttet i lufta når det er innan rekkjevidde.[1] Bietarar tar berre byttedyr i lufta og ignorerer flygande insekt etter at dei har landa. Årevenger gjer ut for 20 % til 96 % av alle insekt dei tar. Honningbier omfattar om lag ein tredel av dette,[2] og er ein dominerande ingrediens av kosthaldet for denne gruppa.
Før dei et byttet, fjernar bietarane brodden ved å slå og gni insektet gjentatte gonger på eit hardt underlag. Det meste av gifta i insektet vil dessutan bli pressa ut med hjelp frå denne prosessen.[1]
Bietarar er sosiale fuglar, og dannar hekkekoloniar i hòler i bakken med tilgang gjennom tunellar. Koloniane kan ligge i sandbakkar som har kollapsa ved elver. Kvart kull kan vere frå 2 til 9 egg avhengig av art. Egga er kvite. Dei fleste av artane i familien er monogame, og begge foreldra tar omsut for ungane, nokre gonger med hjelp frå andre fuglar i kolonien, ei åtferd som er uvanleg for fuglar.[1]
Remove ads
Artsliste
Bietarfamilien i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]
Slekt Nyctyornis
- Raudskjeggbietar, Nyctyornis amictus, Red-bearded Bee-eater, Temminck, 1824, (LC)
- Blåskjeggbietar, Nyctyornis athertoni, Blue-bearded Bee-eater, Jardine & Selby, 1828, (LC)
Slekt Meropogon
- Purpurbietar, Meropogon forsteni, Purple-bearded Bee-eater, Bonaparte, 1850, (LC)
Slekt Merops
- Svartbietar, Merops gularis, Black Bee-eater, Shaw, 1798, (LC)
- Lazulibietar, Merops mentalis, Blue-moustached Bee-eater, Cabanis, 1889, (NT)
- Brunryggbietar, Merops muelleri, Blue-headed Bee-eater, Cassin, 1857, (LC)
- Raudstrupebietar, Merops bulocki, Red-throated Bee-eater, Vieillot, 1817, (LC)
- Kvitpannebietar, Merops bullockoides, White-fronted Bee-eater, Smith, A, 1834, (LC)
- Dvergbietar, Merops pusillus, Little Bee-eater, Statius Müller, PL, 1776, (LC)
- Blåbrystbietar, Merops variegatus, Blue-breasted Bee-eater, Vieillot, 1817, (LC)
- Bergbietar, Merops oreobates, Cinnamon-chested Bee-eater, Sharpe, 1892, (LC)
- Svalebietar, Merops hirundineus, Swallow-tailed Bee-eater, Lichtenstein, AAH, 1793, (LC)
- Svarthovudbietar, Merops breweri, Black-headed Bee-eater, Cassin, 1859, (LC)
- Somalibietar, Merops revoilii, Somali Bee-eater, Oustalet, 1882, (LC)
- Sebrabietar, Merops albicollis, White-throated Bee-eater, Vieillot, 1817, (LC)
- Beryllbietar, Merops orientalis, Green Bee-eater, Latham, 1801, (LC)
- Brunhovudbietar, Merops boehmi, Böhm's Bee-eater, Reichenow, 1882, (LC)
- Jadebietar, Merops viridis, Blue-throated Bee-eater, Linné, 1758, (LC)
- Rustkronebietar, Merops americanus, Rufous-crowned Bee-eater, P. L. S. Müller, 1776, (LC)
- Blåkinnbietar, Merops persicus, Blue-cheeked Bee-eater, Pallas, 1773, (LC)
- Olivenbietar, Merops superciliosus, Madagascar Bee-eater, Linné, 1766, (LC)
- Blåhalebietar, Merops philippinus, Blue-tailed Bee-eater, Linné, 1767, (LC)
- Regnbogebietar, Merops ornatus, Rainbow Bee-eater, Latham, 1801, (LC)
- Bietar, Merops apiaster, European Bee-eater, Linné, 1758, (LC)
- Bengalbietar, Merops leschenaulti, Chestnut-headed Bee-eater, Vieillot, 1817, (LC)
- Rosenbietar, Merops malimbicus, Rosy Bee-eater, Shaw, 1806, (LC)
- Karminbietar, Merops nubicus, Northern Carmine Bee-eater, Gmelin, JF, 1788, (LC)
- Sinoberbietar, Merops nubicoides, Southern Carmine Bee-eater, Des Murs & Pucheran, 1846, (LC)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads