Bija
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bija (russisk Бия) er ei elv i Republikken Altaj og Altaj kraj i Russland og ei av sideelvane til Ob. Ho spring ut frå Teletskojesjøen og har ei lengd på 301 km. Nedslagsfeltet hennar er på 37 000 km².
Elva vert nytta av turistar til rafting, og i den øvre delen av elva er det fleire stryk. Delen av elva frå Teletskoje til ho møter Sarykoksja er klår og kald.
Remove ads
- Pyzja frå venstre
- Sarykoksja frå venstre
- Lebed frå høgre
Byen Bijsk ligg ved Bija.
Der elva renn ut frå Teletskjoe ligg landsbyane Artybasj og Iogatsj. Iogatsj er eit senter for skogsdrift og eit turistmål i området. Lenger nede i elva finn ein Verkh-Bijsk og Turotsjak.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Бия» frå Wikipedia på russisk, den 6. oktober 2008.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads