Birsig

From Wikipedia, the free encyclopedia

Birsig
Remove ads

Birsig er ei lita elv, som har sitt utspring aust i Frankrike, nær den sveitsiske grensa. Birsig er om lag 21 km lang, og har eit nedslagsfelt på om lag 81 km². Ho kryssar grensa mellom Frankrike og Sveits fleire gonger gjennom Birsigdalen, og renn gjennom byen Basel, der ho munnar ut i Rhinen frå venstre.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Birsing rann opphavleg ope gjennom Basel, men i dag er breidda bygd opp for å unngå vasskade på husa. Elva renn like ved husa i den lågare delen av byen, der mange bruer er overbygd. Ho tok tidlegare imot kloakk frå husa, noko som var ei kjelde til kolera og tyfus.

I dag er Birsig stort sett overbygd i Basel, og det er berre eit par hundre meter rundt dyreparken i byen at ein kan sjå elva under open himmel.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads