Bismarckøyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bismarckøyane eller Bismarckarkipelet er ei gruppe øyar utanfor nordaustkysten av Ny-Guinea i det sørvestlege Stillehavet. Øygruppa høyrer til Papua Ny-Guinea. Dei fleste øyane er av vulkansk opphav, og er ein del av Eldringen i Stillehavet.[1]
Dei største øyaneer New Britain, der ein òg finn den største byen, Rabaul, New Ireland, Admiralty Islands og Lavongai.[1]
Øyane blei fyrst folkesette for 30 000–40 000 år sidan.[2] Seinare er det funne spor etter Lapita-kulturen.[1]
Den fyrste europearen som vitja øyane var nederlandske Wilem Schouten, som kom hit i 1616.[1]
Øygruppa blei tysk koloni i 1885, og fekk namn etter den tyske kanslaren Otto von Bismarck.[3] Bismarckøyane blei okkupert av Australia i 1914, under fyrste verdskrigen. Etter krigen blei dei gjort til eit australsk mandat. Under andre verdskrigen blei dei okkupert av japanske styrkar. I 1975 blei øyane del av staten Papua Ny-Guinea.[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads