Bispedøme
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eit bispedøme, bispedømme eller stift er eit geografisk område og ei administrativ eining i kyrkja, leidd av ein biskop og eventuelt av eit bispedømeråd.
Nemninga er brukt i Den katolske kyrkja, Den anglikanske kyrkja og i nokre protestantiske kyrkjer, mellom anna Den norske kyrkja. I Den ortodokse kyrkja finst ei tilsvarande eining som typisk blir kalla eparki.
Bispedøme i Noreg

I Noreg er det tre bispedøme i Den katolske kyrkja og elleve bispedøme i Den norske kyrkja.
Bispedøme i Den katolske kyrkja i Noreg
- Oslo katolske bispedøme
- Trondheim stift
- Tromsø stift
Bispedøme i Den norske kyrkja
Fram til 1919 var nemninga stift.
- Agder og Telemark bispedøme
- Bjørgvin bispedøme
- Borg bispedøme
- Hamar bispedøme
- Møre bispedøme
- Nidaros bispedøme
- Nord-Hålogaland bispedøme
- Oslo bispedøme
- Stavanger bispedøme
- Sør-Hålogaland bispedøme
- Tunsberg bispedøme
I tillegg har Den norske kyrkja frå 2. oktober 2011 preses, som er leiande for bispedømerådet og har sete i Nidaros. Dette embetet har mykje sams med det som i Svenska kyrkan og Evangelisk-lutherska kyrkan i Finland heiter erkebiskopen.
Soge
Nordmenn vart kristna litt om senn frå mellomalderen, og landet vart offisielt kriste kring 1020 då Olav den Heilage var konge[1]. So tidleg som 1070 fekk Noreg tre bispedøme i Oslo, Bjørgvin og Nidaros. Erkebiskopen i Hamburg-Bremen rådde over heile Norden fram til 1103, då erkebiskopen i Lund overtok ansvaret for Danmark, Sverige og Noreg[2]. I 1152-1153 var kardinal Nicolaus Breakspear sendt av pave Anastasius IV til Nidaros for å skipa erkebiskopsete som skulle gjelda for Noreg og vesterhavsøyane.[3]. Bispedømet var stort, og inntektene frå Nidarosprovinsen lét domkyrkjebygget verta monaleg større. Den fyrste erkebiskopen i Nidaros var Jon Birgersson[4].
Reformasjonen kom til Noreg i 1536-37, då Kristian III av Danmark-Noreg var konge[5]. Med dette vart dei katolske bispedøma bytt ut med evangelisk-lutherske. Erkebiskoptittelen vart då avskipa. Dette førde til at biskopar, prostar og prestar vart valde ut av kongen heller enn paven. I staden for å ha erkebiskop var biskopen i den politiske hovudstaden - den gong Kjøpenhamn, men Oslo frå 1814 - nemnd til leiande biskop som «primus inter pares», fremst mellom likemenn.
Den norske kyrkja var statskyrkje fram til 2012.
I dag fylgjer bispedøma i stor grad fylkesgrensene.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads