Bitterøl
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bitter er det britiske namnet på ein type pale ale. Namnet vart først teke i bruk i Storbritannia tidleg på 1800-talet, som eit resultat av at pale ale blei utbreidd.

Kort historie
Pale ale var eit namn som blei brukt på øl som var laga av malt tørka med koks. Frå 1830-talet blei pale ale og bitter brukt som synonym, der særleg bryggeria brukte termen pale ale, medan kundane brukte termen bitter. Ein går ut frå at dette var kundane sin måte å skilja dei bitre typane ale frå mindre bitre typar ale, som til dømes porter. Frå midten av 1900-talet blei flaskar i Storbritannia i stor grad merka som pale ale, medan ølfat var merka som bitter. I Storbritannia har bruken av termen pale ale blitt stadig mindre, og bitter har teke over.
Remove ads
Farge og alkoholprosent
Bitter er ein pale ale, men har større variasjon i smak og farge enn annan pale ale. Han kan vera ljos, nesten som pilsner, men òg mørk, nesten som stout. Ølet har lite kolsyre.[1] Volumprosenten alkohol ligg mellom 3 og 7, og i Noreg er han oftast på litt over 4.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads