Gjegnen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Blånibba eller Gjegnen er ein fjelltopp med høgde 1670 moh. og 1460 m primærfaktor. Toppen er den høgaste i Bremanger kommune i Vestland, han er også høgaste toppen i Nordfjord vest for Snønipa og det femte høgaste fjellet i Noreg ut frå primærfaktor. Vanlegaste turrute er i frå Hope/Hyen og opp Skordalen. Ein passerer ei ubetjent turisthytte eit lite stykke før Gjegnalundsbreen, Gjegnabu ligg høgt og fritt¨på nesten 1200 moh. med Gjegnen mot nord.
Remove ads
Vestsida av Blånibba har eit nær loddrett fall på over 1200 meter ned til Bjørndalsvatnet. Den beste utsikta mot denne sida av fjellet har ein frå lenger ute i Nordfjorden. Når ein har kome til topps, kan ein vandre eit par hundre meter ned til Galleriet. Galleriet liknar på mange måtar på ein liten versjon av Preikestolen i Rogaland.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
- Boka Opptur - 267 fotturar i Sogn og Fjordane av Anne Rudsengen ISBN 82-91722-47-1
- Gjegnen, westcoastpeaks.com
Bakgrunnsstoff
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads