Blåstrupejuvel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Blåstrupejuvel
Remove ads

Blåstrupejuvel (Lampornis clemenciae) er ein stor medlem av kolibrifamilien, stammen «fjelljuvelar» i underfamilien Trochilinae. Han lever i USA og i Mexico.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Blåstrupejuvelen er den største kolibrien som hekkar innanfor USA[1], med ei lengd på 11,2–12,8 cm. Hannen veg om lag 8,4 gram i gjennomsnitt og opp til 10 gram. Hoa veg i gjennomsnitt 6,8 g. Begge kjønn har eit middels langt svart nebb, ei kvit stripe bak auget og ei smal stripe frå nebbet under det svarte kinnet.[2]

Hannen har ein iriserande blå strupe, grøn-bronse overside og gråbrun underside. Hoa manglar den blå strupen og har jamt grå underside. Det finst tre underartar med små skilnader i storleik, farger og stjert.[2]

Utbreiing og habitat

Blåstrupejuvelen lever i fuktige skogområde frå sørvestlege USA til sørlege Mexico, i høgder frå 1300 opptil 3900 meter over havnivå. Han finst i elvedalar, furuskogar og blandingsskogar, ofte i fjellområde.[2]

Åtferd

I nordlege område trekkjer fuglane sørover om vinteren, men trekkruta er ikkje kjend. Blåstrupejuvelar lever hovudsakleg av nektar, men et òg små insekt, særleg i hekketida og vinterstid. Dei forsvarar ofte nektarrike blomar.

Hoa byggjer reiret åleine, ofte under bergoverheng eller i menneskeskapte strukturar. Ho legg to egg, som ho rugar i 17–19 dagar, og ungane flyg ut etter 24–26 dagar. Hoa kan ha opptil tre kull per hekkesesong.[2]

Galleri

Remove ads

Status

Blåstrupejuvelen er ikkje truga og har ein stabil bestand på rundt 2 millionar individ.[3] Arten tolererer menneskeleg aktivitet godt, men i USA lever han berre i nokre få avgrensa dalstrøk. Arten kan vere sårbar for brann, tørke og habitatøydelegging.[2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads