Blæretang
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Blæretang, er ein vanleg brunalge i strandsonen i Noreg.
Utsjånad

Fleirårig brunalge med ein tydeleg midtnerve heilt ut til enden av skota og til vanleg med kuleforma luftblærer, som oftast er ordna parvis på kvar side av midtnerven. Tangen kan verte over 1 m lang. Han- og hoorgan vert utvikla på ulike plantar. Organa sit i oppsvulma greinspissar (receptaklar). Receptaklane er ovale og modnast i april- juni. Receptaklane og skota dei sit på rotnar og fell av etter befruktinga. Utsjånaden på tangen kan variere sterkt med arv, miljø og alder.
Remove ads
Utbreiing
Planta veks langs atlanterhavskystane i Europa, det nordlege Russland, Austersjøen, Grønland, Asorane, Kanariøyane, Marokko og Madeira. Ho er også funnen på atlanterhavskysten i Nord-Amerika frå Ellesmereøya og Hudsonbukta til Nord-Carolina.
Førekomst i Noreg
Vanleg langs heile kysten og dannar ofte eit belt, blæretangbeltet, i øvre del av fjøresonen på skjerma stader, men kan også vekse djupare, ned til om lag 10 m. På sterkt utsette stader kan blæretangen heilt mangle blærer.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads