Blacksod Bay
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Blacksod Bay (irsk Cuan an Fhóid Duibh) er ei bukt av Atlanterhavet som ligg i Erris nord i County Mayo i Republikken Irland. Ho er 16 km lang og 8 km brei, med Mullet-halvøya i vest og Kiltane Parish i aust. Kiltane går sørover frå Belmullet mot Gweesalia og Doohoma.
Remove ads
Geografi
Blacksod Bay omfattar mange små holmar. Granitten ein finn i dette området er gammal gneis og glimmerskifer. Mullethalvøya er dekt av nokså flate sanddyner. Munningen av Blacksod Bay er vid, og bukta er ein trygg ankerplass.
I nordenden er Blacksod Bay forbunden med Broadhaven Bay av ein kanal frå 1700-taket gjennom Belmullet.
Fyr
Blacksod fyr, som stod ferdig i 1862, ligg 18 km frå land i Atlanterhavet. Det blei bygd av lokal granitt henta frå steinbrotet ved Termon Hill. Fyret blei brukt av dei allierte for vêrmeldinga for D-dagen i 1944, og landgangen blei utsett ein dag på grunn av ei dårleg vêrmelding. Eagle Island fyr ligg utantof nordvesttippen av Mullet.
Galleri
- Seglbåt ved Elly Bay i Erris
- Kiting ved Claggan-stranda i Blacksod Bay
- Blacksod fyr
- Teampall Deirbhile (Dervla-kyrkja) med Blacksod Bay og Achill Island i bakgrunnen
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads