Bleik piggsopp

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bleik piggsopp
Remove ads

Bleik piggsopp (Hydnum repandum) er ein matsopp som er lett å kjenne att på dei karakteristiske piggane på undersida av hatten. Desse piggane er sprø og kvite eller lyst kremgule. Oversida av hatten er kvelva og gjerne uregelmessig bølgja. Han er kjøtfull og gulkvit på farge, somme tider med lyseraudt skjær. Soppen er om lag 5-15 cm brei, men oftast ganske liten. Foten er kraftig og kjøtfull og har omtrent same fargen som hatten. Kjøtet på soppen er fast og kvitt med mild smak. Kan vere beiskare hjå eldre eksemplar.

Kjappe fakta

Bleik piggsopp er vanleg over heile Noreg og veks samanfiltra i rekkjer eller ringar i både lauv- og barskog.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Bleik piggsopp


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads