Blodrips

From Wikipedia, the free encyclopedia

Blodrips
Remove ads

Blodrips (Ribes sanguineum) er ein lauvfellande busk i ripsfamilien som kjem frå Nord-Amerika. Han har bær som kan etast, men blir hovudsakleg dyrka som prydbusk på grunn av dei iaugefallande, klaseforma blomane sine som typisk er rosa.

Kjappe fakta

Blodripsbusken kan bli 1-3 meter høg. Han har krokete greiner med raudbrun bork. Blada sit motsett på greinene og er 26-6 cm breie. Dei har som regel fem flikar og er grøne på oversida og lysare og meir hårete på undersida. Også nye skot er hårete.

Thumb
Blomstrande blodrips om våren.

Blodrips blomstrar typisk i april-mai. Blomane sit i klasar med 10-20 eller fleire blomar i kvar. Dei er som regel rosa, men fargen kan variera frå raudt til kvitt i ulike typar. Frukta er blåsvarte runde bær med ei lengd på 7-9 mm, og kjem i juni-juli. Bæra kan etast, men er ikkje rekna som svært tiltalande. Dei blei brukt til mat av fleire nordvestamerikanske urfolk.

Planten stammar frå vestlege kystområde av Nord-Amerika, dagens British Columbia, Washington, Oregon, Idaho og California i USA og Canada. Han er hardfør til USDA-sonene 6-8.

Blodrips blei teken i bruk som dyrka plante av den britiske botanikaren David Douglas på 1800-talet. Det finst fleire variantar med ulike fargar på blomane.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads