Bnei Brak
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bnei Brak eller Bene Beraq (hebraisk: בְּנֵי בְּרַק) er ein by i Israel ved Middelhavet og den israelske kystsletta, like aust for Tel Aviv, i Gush Dan storbyområde og Tel Aviv distrikt. Bnei Brak er eit senter for ultraortodoks jødedom.
Bnei Brak dekkjer eit område på 709 mål. I følgje tal frå Israelsk statistisk sentralbyrå hadde han mot slutten av 2009 154 400 innbyggjarar, med ein årleg vekstrate på 1,7 %.[2] I november 2012 var folketalet i byen 176 556, noko som gjer han til den 10. største byen i Israel.[3] Bnei Brak er av dei fattigaste og tettaste folkesette byane i Israel.[4]
Remove ads
Historie
Bnei Brak er kalla opp etter den gamle bibelske byen Beneberak, som er nemnt i Tanakh (Josva 19:45) i ei lang liste over byar i det gamle Judea. Namnet er òg av somme nemnt som eit framhald av namnet på landsbyen Ibn Ibraq, som låg 4 km sør for der Bnei Barak vart grunnlagd i 1924.[5]
Bnei Brak vart grunnlagd som ein jordbrukslandsby av Yitzchok Gerstenkorn og ei gruppe olske hasidiske jødar. På grunn av landmangel vart mange av grunnleggjarane tvungne til å ta andre yrke og landsbyenn byrja etter kvart å få eit urbant preg. Arye Mordechai Rabinowicz, tidlegare rabbi i Kurów i Polen, var den første rabbien. Byen vart sett opp som ein religiøs busetnad frå starten av.[6]
I folketeljinga i 1931 var folketalet i Benei Beraq 956, berre jødar, fordelt på 255 hus.[7]
Bnei Brak fekk bystatus i 1950.
Remove ads
Kjende personar frå Bnei Brak
- Meir Kessler, rabbinar
Venskapsbyar
Bnei Brak er venskapsby med:
Lakewood i New Jersey i USA[8]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads