Bolesław I av Polen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bolesław I av Polen
Remove ads

Bolesław I den modige (polsk Bolesław I Chrobry, i fortida òg kjend som Bolesław I den store, polsk Bolesław I Wielki) (fødd 966 eller 967, død 1025) var hertug og seinare den første kongen av Polen. Han høyrte til Huset Piast.

Kjappe fakta Regjeringstid, Kroning ...

Bolesław samla saman riket som far hans – Mieszko I – hadde fordelt mellom sønene sine. I byrjinga av regjeringstida si opprettheldt han landet sitt gode forhold til Det tysk-romerske riket og hjelpte Otto III i kampane mot polabarane. Han sendte òg i 997 heilage Adalbert av Praha til Preussen for å omvende prøyssarane til kristendomen – ein misjon som enda med at Adalbert blei martyr og påfølgjande kanonisert.

Etter Bolesław sitt ønske oppretta pave Sylvester II i 999 eit erkebispedøme i Gniezno og bispedøma i Kraków, Wrocław og Kołobrzeg (til då var det berre eitt bispedøme i Poznań).

I år 1000 reiste keisar Otto III på pilegrimsferd til St. Adalbert si grav i Gniezno, der det samstundes vart organisert ein kongress mellom han og Bolesław. Her gav han den polske hertugen tittelen Frater et Cooperator Imperii, og anerkjende samstundes det nye polske riket, så vel som sjølvstende til kyrkjeorganisasjonen i Polen.

Etter Otto døydde i 1002 vart forholdet til keisarriket dårleg. Otto sin etterfølgjar, Henrik II, endra haldninga til Bolesław, då han gjekk inn for ekspansjon snarare enn overeinskomst med Polen. Fleire konfliktar mellom dei to rika førte så til ein langvarig periode med spaning, delt i tre krigsfasar (1003-1005, 1007-1013, 1015-1018). Krigen tok slutt ved freden i Bautzen i 1018, og Bolesław kom sigrande ut av han. Mellom anna heldt dei nyerobra Milsko og Łużyce, og enda òg opp som hertug av Böhmen.

I 1003 inntok han på grunn av dynastikonfliktar i Přemyslidane i kort tid Tsjekkia og Praha, og erobra dessutan Morava og Slovakia. Rundt 1007 mista han derimot Vest-Pommern.

I 1018 utvida han makta til Polen austover gjennom erobringa av Kiev, og innlemma Rauderutenia (dagens Aust-Galicia, som Mieszko I hadde tapt i 981) i riket sitt.

I 1025, nokre veker før han døydde, krona Bolesław seg sjølv til konge, og gjorde slik Polen om til eit kongedøme. Han etterlét eit større, styrkt og sameint rike. Bolesław hadde utvida Mieszko sitt rike kraftig med Milsko, Łużyce, Morava, Slovakia og Rauderutenia, men han tapte Vest-Pommern.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads