Boogie with Stu

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Boogie with Stu» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Physical Graffiti, frå 1975. Han vart spelt inn under ein jam i 1971 i Headley Grange, der bandet spelte inn det meste av det fjerde albumet sitt. Dei nytta Rolling Stones Mobile Studio og hadde med seg turnemanageren og pianisten til Rolling Stones, Ian Stewart, som jamma med bandet på piano.[1]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

I følgje Led Zeppelin-gitaristen Jimmy Page hadde songen aldri kome til om det ikkje hadde vore for den uformelle atmosfæren i Headley Grange det han vart spelt inn:

« Noko av det som skjedde der, som «Boogie With Stu» der Stu kjem inn og spelar piano er heilt utruleg. Det var for bra til å ikkje nytte høvet, fordi Stu spelte ikkje inn, han gjorde ikkje soloting. Alt dette ville ikkje kome med på albuma om det var opp til andre folk, men me ville ha det med.[2]  »

Arbeidstittelen for songen var «Sloppy Drunk», ein tittel vokalist Robert Plant kom på.[1]

Plant spelar visstnok gitar på songen (og Jimmy Page mandolin).[3] Ein av gitarane vart lagt på sidan med ein ARP gitar-synth.[1]

Den endelege songen var basert på Ritchie Valens sin «Ooh, My Head».[1] Songen vart tilskriven «Page/Plant/Jones/Bonham/Mrs. Valens/Ian Stewart». Forlaget til Valens, Kemo Music, sakskøte bandet for brot på opphavsretten og det enda med forlik i retten.[4] Som Page forklarte:

« Me prøvde å tilskrive mora til Ritchie, fordi me høyrte ho aldri hadde fått nokre av honorara frå nokre av hittane til sonen, og Robert nytta noko av teksten hans. Så kva skjer? Dei saksøker oss alle for songen![5]  »

Songen vart aldri framført på konsertane til Led Zeppelin.[1]

Remove ads

Medverkande

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads